Kraftanalytikar og produksjonsplanleggjar

Vik

Høres det ut som en match?

Søk på jobben

Firma: Sognekraft AS

Stillingstittel: Kraftanalytikar og produksjonsplanleggjar

Frist: 4.5.2025

Vasskraft og data i samspel – me søkjer to nye nøkkelpersonar til kraftmarknadsteamet vårt

Ønskjer du å forstå kraftmarknaden i djupna – bruke data, teknologi og forretningsforståing til å finne smarte løysingar og setje dei ut i livet? Då kan du vere den vi ser etter.

Sognekraft produserer om lag 1 TWh fornybar energi i året og sel krafta i ein marknad i stadig endring. Me er eit lite energiselskap og har smådriftsfordelar som gir oss høg fart og kort veg frå idé til handling. Her ser du raskt resultata av det du er med å utvikle. Du blir ein del av eit triveleg fagmiljø som diskuterer med stor takhøgde, deler kunnskap og hjelper kvarandre til å bli betre. Dette gir deg innsikt og støtte til å ta gode avgjerder – og ligge eitt steg føre i marknaden

Fritidstilboda har du like utanfor kontordøra, på kort tid er du ved fjorden eller på 1000 høgdemeter og kan heile året boltre deg på tallause stiar og fjelltoppar.

Din arbeidskvardag

Kraftanalytikar og produksjonsplanleggjar blir ein viktig del av eit tverrfagleg miljø innan produksjonsforvaltning, der me kombinerer marknadsnær agering og fagleg djupne med tett samarbeid og høg gjennomføringsevne. Målet med kraftforvaltninga er å maksimere verdien av produksjonen – til ei kvar tid og på tvers av ulike kraftmarknader.

I tillegg til marknadsoperasjonar utviklar vi kontinuerleg modellar og verktøy som støttar opp under avgjerdene våre, som fundamentale tilsigsmodellar og eksperimentering med ulike variantar av maskinlæringsmodellar for å ta betre og raskare posisjonar.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Utvikle og implementere datadrevne løysingar for å optimalisere marknadsageringen
  • Automatisere marknadsageringen gjennom avansert analysar og bruk av maskinlæring
  • Drive forretningsutvikling innan fleksibel kraftproduksjon og fleksibilitet, og styrke Sognekraft sin posisjon i kraftmarknaden
  • Delta i turnusordning for operativ marknadsagering og posisjonering i relevante marknader.


Ønska kvalifikasjonar og fagleg bakgrunn

For begge stillingane ser vi etter kandidatar med bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag, økonomi, meteorologi eller hydrologi – til dømes innan elektro, datateknologi eller datavitskap. Du har interesse for datadrevne analysar og teknologiutvikling, og gjerne erfaring med programmering, maskinlæring eller dataanalyse.

Er du klar for ein jobb i kraftmarknaden?

Du passar godt til stillingane dersom du er analytisk, nysgjerrig og blir motivert av å jobbe tett på ein marknad i endring. Du er ein lagspelar som har eit strategisk blikk og ønskjer å ta betre avgjerder med innsikt, dataforståing og teknologikompetanse.

Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.

Om arbeidsgiveren

Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.

I Sognekraft-konsernet er vi 160 energiske medarbeidarar. På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.

Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.