Utviklar

Vil du vere med å utvikle fremtida for datavisualisering?

BergenSogndalVik
Vil du vere med å utvikle fremtida for datavisualisering?

Høres det ut som en match?

Søk på jobben

Firma: Highsoft AS

Stillingstittel: Utviklar

Frist: 15.5.2026

Bli vår neste utviklar og vær med å utvikle datavisualisering som gjer forskjell!

Highcharts starta som eit lite hobbyprosjekt for å vise snødjupna på Vikafjellet. I dag har det vakse til å bli verdas mest brukte bibliotek for datavisualisering – brukt av 80 av dei 100 største selskapa i verda.

I Highsoft lagar vi verktøy utviklarar faktisk likar å bruke. Vi jobbar tett på produktet. Tett på koden. Tett på kvarandre. Her går idear frå tidlege tankar → til faktiske funksjonar → til noko utviklarar over heile verda brukar.

Om rolla

Som JavaScript/Reactutviklar hjå oss blir du ein del av eit team som jobbar på tvers av produkt, design og utvikling for å vidareutvikle Highcharts – spesielt innan React.

Du jobbar med ekte produktutvikling, ikkje berre små, isolerte oppgåver. Du er med på å lage ny funksjonalitet, forbetre det vi allereie har, og sikre høg kvalitet heile vegen.

Her vil du skrive, teste og feilsøkje kode, og du balanserer brukarane sine behov med produktretning. Du omset design og krav til solide tekniske løysingar, og er med på tekniske val og arkitektur saman med teamet.

Vi likar folk som tek eigarskap, er nysgjerrige og bryr seg om sluttresultatet. Ikkje berre korleis koden ser ut, men korleis den faktisk blir brukt.

Du kjem til å:

  • Designe og utvikle nye funksjonar
  • Forbetre og modernisere eksisterande løysingar
  • Skrive, teste og feilsøkje kode
  • Gjere design og idear om til gode tekniske løysingar
  • Delta i tekniske diskusjonar, arkitektur og code reviews
  • Av og til snakke med brukarar gjennom intervju eller testing

Ein stor del av rolla handlar om Reactsida av Highcharts, og å gjere det endå betre for utviklarar som brukar React.

Det som gjer at du lukkast

Vi ser etter deg som likar å byggje ting folk faktisk brukar, og som føretrekker å løyse reelle problem framfor teoretiske øvingar. Du er komfortabel med å ta ansvar for arbeidet ditt, og du er genuint nysgjerrig på brukarane og korleis det du lagar påverkar dei. Du trivst med å jobba tett på andre, deler gjerne idear og erfaringar med kollegaane dine, og du har eit ønskje om å halda fram med å læra og utvikla deg undervegs.

Du har:

  • Erfaring med React, JavaScript og TypeScript
  • Interesse for gjenbrukbare komponentar og god frontend-struktur
  • Praktisk tilnærming og fokus på kvalitet

Kjekt å ha (men ikkje krav):

  • Erfaring med Angular, Vue, Tailwind, Next.js eller Node.js
  • Kjennskap til CI/CD, universell utforming eller moderne CSS
  • Erfaring med større applikasjonar eller komponentbibliotek

Vi er fleksible på nivå og du treng ikkje vere senior for å søkje. Dersom du er komfortabel med React, har eit solid grunnlag og lyst til å utvikle deg så vil vi veldig gjerne høyre frå deg.

Kvifor jobbe med oss?

Hjå oss får du ein kvardag der det er lett å få ting gjort. Ikkje fordi det er lite å gjere, men fordi vi jobbar tett, stoler på kvarandre og tek avgjerder utan unødvendig styr. Du blir ein del av eit miljø der folk samarbeider. Vi deler kunnskap, diskuterer løysingar og hjelper kvarandre fram.

Samtidig har du god fridom i kvardagen. Vi har fleksibel arbeidstid med kjernetid frå 09:30–14:30, og hybrid arbeidsløysing der du kan veksle mellom kontor og heimekontor. Vi tilbyr òg workaway nokre veker i løpet av året, om du vil ta jobben med deg i sola eller på hytta. I Highsoft trur vi på tillit og eigarskap, og gir deg rom til å jobbe slik det passar deg, så lenge du bidreg i teamet og får ting gjort.

Og ja, kvardagen er ganske fin òg. Kaffi i sofaen, dartkampar som blir litt for seriøse, og ein sosial, uformell tone der det er lov å vere seg sjølv.

Kort sagt: Du får både påverknad, tillit og eit miljø det faktisk er kjekt å vere ein del av.

Klar for ein prat?

Vi prøver å halde prosessen enkel og ryddig:

  1. Søknad: Send oss CV og nokre ord om kvifor du vil jobbe hjå oss. Legg gjerne ved noko du har laga (GitHub, prosjekt eller liknande). Vi har kontor i Vik, Rockethouse i Sogndal og Media City Bergen. Du jobbar der det passar deg best, men det er fint om du gir oss ein liten peikepinn om ynskje i søknaden.
  2. Første prat: Ein uformell prat på 20–30 minutt for å bli litt kjende og sjå om vi er ein match.
  3. Teknisk heimeoppgåve: Vi ser gjerne på noko du har laga, og gir deg ei lita heimeoppgåve (ingenting skummelt).
  4. Teknisk intervju: Vi går gjennom arbeidet ditt saman og dykkar litt djupare.
  5. Siste prat: Du møter fleire i teamet, og vi blir kjend meir med personen bak koda - kjennest det fortsatt riktig ut for begge partar?
  6. Tilbod: Dersom det klaffar så køyrer vi på 🚀

Søknadsfrist: 15. mai 2026.

Har du spørsmål rundt stillinga kan du ta kontakt med Product Manager, Stian Totland, på +47 977 51 565 / stian.totland@highsoft.com.