Platform Engineer – Bygg vår neste generasjons plattform!
Platform Engineer – Bygg vår neste generasjons plattform!

Platform Engineer

Platform Engineer – Bygg vår neste generasjons plattform!

BergenSogndalVik
Platform Engineer – Bygg vår neste generasjons plattform!

Høres det ut som en match?

Søk på jobben

Firma: Highsoft AS

Stillingstittel: Platform Engineer

Frist: 26.4.2025

Hjå Highsoft får du friheit, kule verktøy og ein gjeng techentusiastar med glimt i auga som kollegaer.

Lengtar du etter å byggje noko nytt – frå botnen av – og faktisk ha påverknadskraft?

Hjå Highsoft får du moglegheita til å forme, byggje og optimalisere plattformer med dei nyaste skybaserte teknologiane. Vi er eit selskap med lidenskap for datavisualisering og universell utforming (A11Y) – og med Highcharts har vi allereie sett vårt preg på verda. No satsar vi for fullt på ei framtidsretta infrastruktur, og vi treng ein Platform Engineer som kan vere arkitekten bak ei stabil, fleksibel og moderne plattform.

Kanskje sit du med gamal teknisk gjeld eller flikker på utdaterte system? Her får du bruke erfaringa di til å ta tekniske avgjerder som faktisk betyr noko – og byggje ei plattform der utviklarane kan jobbe uforstyrra, medan systema våre køyrer som ein draum. (Jada, vi veit vi byggjer morgondagens tekniske gjeld – men det tek vi stilling til i framtida/seinare)

Er du klar for å ta byggje noko skikkeleg bra? Då er dette di moglegheit! 🚀

Kva går jobben ut på?

💻 Techstack: Docker, Kubernetes, Terraform, AWS, Cloudflare, ArgoCD, Grafana, Prometheus, Envoy, Kyverno

  • Drifte og vidareutvikle ei plattform som skalerer etter behova til utviklingsteamet 🚀
  • Automatisere alt frå oppsett av infrastruktur til utrulling, overvaking og varsling 🤖
  • Sikre stabilitet, oppetid og kvalitet i leveranse – for ingen likar nedetid (verken brukarar eller utviklarar)! 🔍
  • Overvake og optimalisere AWS og Cloudflare for å sikre at produkta våre køyrer smooth 🌍
  • Samarbeide tett med utviklarar og eksterne leverandørar for å sikre ei robust, trygg og fleksibel plattform 🤝
  • Alltid ha tryggleik i bakhovudet – proaktivt arbeid med cybersikkerheit; verne systema våre mot truslar og sikre at data og tenester er trygge 🔒
  • Ta tekniske avgjerder og forme arkitekturen for plattformen vår – vi stolar på at du veit kva du gjer! 🔧

Kven er du?

  • Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø – kort sagt, du er ein triveleg kollega folk likar å jobbe med!
  • Du har erfaring med containerar og orkestrering (Docker, Kubernetes), og har gjerne kontroll på infrastruktur som kode (Terraform).
  • Du veit korleis ein får det beste ut av AWS og Cloudflare.
  • Du likar å byggje ting som berre funkar – du likar system som er ryddige, effektive og enkle å vedlikehalde.
  • Du balanserer tryggleik, kostnader og yting – alltid på jakt etter den optimale løysinga.
  • Du er nysgjerrig på ny teknologi og elskar å eksperimentere med nye metodar og verktøy.
  • Du tek grep før ein liten glitch blir ei fullblown produksjonskrise.

Kva får du hjå oss?

I Highsoft jobbar du i eit miljø prega av samarbeid og raske avgjerder, omgitt av dyktige kollegaer som brenn for faget sitt. Her får du ein unik kombinasjon av global innverknad og lokal sjarm:

🌟 Arbeid med ein spennande techstack i eit selskap i vekst.
🏔 Eit trygt, godt og sosialt arbeidsmiljø.
🏡 Hybrid- og fleksibel arbeidskvardag – vi trur på friheit under ansvar.
🎯 Ein arbeidsplass med uformell tone – dartkampar og fjellturar inkludert!
🚀 Kort veg frå idé til handling.

Høyrest dette ut som ein plass for deg?

Jobb frå kontoret vårt i vakre Vik i Sogn (eller i Sogndal), eller frå tech huben på Media City Bergen.

Send oss ein søknad, eller ta gjerne kontakt med Jørgen Tistel på tlf. 971 32 057 for ein uformell prat om du vil høyre meir om stillinga – vi likar folk som tek initiativ!

Vi vurderer søkjarar fortløpande, så ikkje vent for lenge med å sende inn søknaden din. Absolutt siste frist er 26. april.

Bli med og bygg plattforma som skal ta Highsoft til neste nivå! 🚀